b'Valdrisar p flyttefot . 494 Nyksund, ksnes juni 1974Vi skiftar over til dei nordgande syskena fr Vistesamt litt kriminalhistorie .Jens Olsson Widste Eje og kona Gro Olsdtr dyper sonen Ola Jensson i Slidredomen 12. februar 1804 [H side, 9. nedanfr] . Faddrane kjem fr Viste, Jome, Landsrud og lkji. Guten vert konfirmert i Lom stavkyrkje 1. august 1819 [#4] . Jens (Olsen Tilden) og Gro(Olsdtr Snortum) vart trulova i Slidredomen 14. februar 1800 og gifta seg 28. april same r [V side, 9. ovanfr] . Dei er ved FT1801 [#049&050]registrert som husmannsfolk under Viste. Det er g ein Ung karl Jens Olsen Wiste som 15. juni 1800 vert skriven som far til Pigen Mari Syver Fudskes jentebarn Sebor. Men utan DNAprov kan ein vel ikkje skulde Jens Olsson forgardera seg mot barnlyse . Gro Olsdtr og Jens Olsson fr eit nytt barn 28. august 1809. Den vesje jenta fr i Rn kyrkje 3. september 1809 [H side, 6.nedanfr]namnet Berte. Faddrane kjem no fr Rn, Tuv og Fauske. Bert(h)e Jensdtr Widste vert konfirmert av sognePrst Christie i Slidredomen 8. august 1824 [#12] .Ungkarl og Artillerist No 56, Ole Jensen, af 2den Artillerie Bataillons frsteBatterie, og pigen Ragnhild Christiansdatter gr inn i ekteskap i Oslo Domkyrkje 7. november 1927 [#96] . Han er fdt i Slidre Prstegjld, nuu garnisonen var her i Staden. Hun er fdt i same Prstegjld. Brudgommen har oppgjeven alder 23 r, brura 25 r. Fedrene til brureparet er skriveJens Olsen Widste og Christian Christensen. Forlovarane er F S Schnnemann, foureer og Hans Poulsen, Overconstabel, begge ved samme Bataillon og Batterie son Brudgommen. Ragnhild er nok dotter til Kristian Kristianson og Kari Larsdotter. Ho er fdd p Tuveige og dypt i Rogne kyrkje 13. mai 1802[Hside, 9. ovanfr] . Ho vart konfirmert i Rogne kyrkje 3. august 1817 [#11] . Innan dei vart gifte hadde fyrste barner deira sett dagsens lys. Ministerialboka for Rikshospitalet syner at sonen Jens vart f 12. mars-, dpt 19. mars 1827 [#15] . Faddrar er Marith Olufsdatter, Henrich Nrbech og Barnefaderen Ole Jensen. Christian vert f 19. april-, dpt i Aker 8. juni 1829[#115]og Karen Gurine vert f p seneige i Aker 14. april- dpt i Aker 22. juni 1834 [#110] .I eit innlegg(#3) p DA sitt brukarforum fortel Ellinor Elise Simensen at Ragnhild og Ola vart dmde til tukthusopphald i 1836. Eg har heller ikkje funne meir om snene deira. Straffa Ragnhild og Ola fekk hadde si rsak i at dei hadde gjeve husrom til stortjuven Ole Hiland. Ein Wikipedia-artikkel fortel at Ola Jensson, som d var Gevaldiger p Akershus festning, hadde eskortert Ole Hiland til Kristiania etter at han var arrestert p Nesodden i 1831. D Ole Hiland i 1835 greidderme fr festningen, fekk han losjerehj Vistefolka (under Gulvet i Kjkkenet, hvor han udgrov et Hul ved Siden af Grundmuren). Ola Jensson hadde slutta ved festningen, og familien held no til p seneige i Aker. Fr dette losjiet planla og gjennomfrde Ole Hiland tjuveriet i Norges Bank i julehelga 1835der han kom seg unna med 64 100 speciedalar, det strste tjuveriutbyttet i Noreg innan NOKASranet. Ola Jensson hadde ftt noko av dei stolne penganeog som kjent er helaren ikkje betre enn stelaren. Ved dom 13. april 1836 fekk Ola Jensson to rs tukthusarbeid medan domen for Ragnhild Kristiansdtr vart eitt rs tukthusarbeid. [ Boka Ole Hiland i frihed og i fngsel ]Mykje tyder p at Berte Jensdtr hadde vore i nrkontakt av tredje grad med Ola Bendikson Kyrkjevoll. Han er nemnd som far d den ugte jenta Kjersti vert dypt, 10. juli 1842 [#57] . Kjersti var fdd 12. juni s -11. mai 1850 [#130&131]fr Berte og Kjersti utflyttingsattester med reiseml Hadsel Prstegjeld i Nordland. Her er fdselsdag og -r til Berte langt unna sanninga, medan dottera sine data er eksakte. At mor og dotter tek i nordleg leiog kjem til Vesterlen (men ikkje registrert i Hadsel) - vert stadfesta av ei utflyttingsattest, fr ksnes,datert1. juli 1852 [#1&2] . Her fr Ole Jensen Vidste og Birthe Jensd Vidste utferda attester forflytte til Slidre i Valders.Det synest som om syskena har mtt kvarandre her oppe under midnattsola. vesle Kjersti Olsdotter er det inga spor etter i kyrkjebkene i ksnes, s langt eg har sett.Men Berte har nok i ksnes hatt eit meir romantisk mte med ein kar. Kyrkjeboka syner at guten Jens Christian, f 28. juni 1851, vertdypt i ksnes 2. mai 1852 [#1] . Foreldre er Ungkarl Christian Til innhaldsida'