Bev & Tim Holdahl hjå Aabergs, Rapid City Mt. Rushmore Custer State Park. Præriehund ("vønd")

21/9-2003 Tek farvel med familien Holdahl. Avreise Sioux City 11.00 til Rapid City ca 17.  --- Bussreisa gjekk vest- og nordover og ikkje etter motorvegen. Vi fekk sola i ryggen høgstdags – over så lang tid at eg tok til å undrast på om eg hadde tulla meg inn på feil buss. Men då bussen stogga i Huron (SD) fekk eg tilslutt orientert meg. No er vi på veg mot Pierre (delstatshovudstaden).

Dei laug ikkje då dei fortalde meg at ALT endra seg når ein kryssa Missouri. Eg tok nokre bilete gjennom bussglaset, fyrst nedgangen frå elveryggen mot Pierre, sidan ute på prærien. Her og der er det vatn, det er svært lite tre og busker, mest gras, og her og der større areal kultivert land.

Då vi kom inn att på hovudvegen endra landskapet totalt karakter nok eingong. Staden var nær Wall. Vi klatra opp på ei sandavsetjing (tydelege tidsavsetningar i farge og tjukkleik). Oppe på denne formasjonen var vi etter kartet å døma inne i ”dei svarte bakkene”, der Rapid City er eit knutepunkt. Her og der er det kraftig ravinelandskap.

Framme i Rapid City. Buss mot Salt Lake går klokka 17.20 og ein må byte buss i Gilette og Cheyenne i Wyoming.

Hadde før eg reiste heimanfrå laga ein CD med bl.a. bilete frå Valdres. Fyrste kvelden i Rapid City, starta overflatefilmen å flakne av frå CD-plata, som dermed var uleseleg. Med god hjelp fekk vi brent ut ein ny kopi frå vertsfolka eg hadde overnatta hjå i Sioux Falls, og ei veninne av Carol Ann, som var på biltur frå Minneapolis til Rapid City, køyrde innom hjå Holdahl og henta med seg ein fersk CD. Eg laga eit skikkeleg bryderi for folk alt ved starten av reisa ….

22/9  Etterlyste og prøvde å få fatt i ein kopi av CD med bilder frå gamlelandet. Tok ei fotorunde kring eigedommen, deretter reiste vi til Mt. Rushmore. Tok eindel bilder. Vi var no om lag 1200-1400 moh. Skjønte det best på nedovertur.Her var det furuskog –og svært spesiell geologi (vonar det står meir i brosjyra vi fekk) Carol Ann  fortalde at far hennar hadde tilbod om å vera med i sprengingsgjengen då monumentet vart konstruert.

Custer State park, landskapsvernområde. Her var det og viltvaktarar – dei kunne fortelja oss kvar dei ulike dyreflokkane held til (Bøffel oa). Vi reiste gjennom parken, fotograferte ”nålauga”, svært spesielt geologisk område, var sidan inne på skogvoktarkontoret. Landskapet gjekk på turen sørover over til rullande, furukledde bakkar (lite vatn).  Fine haustfarger! Fann Bøffelflokken, så præriehund, ei større utgåve av ”vønd”. Rancharane set liten pris på dette dyret, grev opp gangar over store område, bufeét bryt bein…Ser ut som ein del mindre skogbrannar har lagt øyde sume område. Far og dotter Aaberg var i brannvesenet. Stor brann i 1968, skogbotnen øydelagt. Dei gjødsla og sår så snart råd for å grasbinde brannområdet. Her var det silt og sandbakkar.   Overraskande store mineralkrystallar utgjorde den lokale granitten, den er også blautare enn vår (mindre trykk ??). Ser i retning Wind Cave – djup grotte funne av ein cowboy som miste hatten sin i trekken frå hola. Farbror til CA var turistførar i grottene , han kom seinare som ranger til Devils Tower (WY).

 Bøffel i Custer S.P. frå kyrkjegarden i Hot Springs South Dakota Badlands Carol Ann & Kent K

Her på kyrkjegarden i Hot Springs ligg syskenbarnet hans oldefar gravlagt. (Gravstøtta ser de  ovanfor, 2. frå venstre). Han heitte Embrik etter bestefaren, men var i Åbjør kjend son ”Embriksonguten”: Han og kona Tonetta busette seg nær Hot Springs, staden dei hadde homestead på, ser de på biletet til høgre. Eg hadde lyst til å gå ut på ein liten bakke for å ta bilete frå ein annan vinkel, men då ropa Carol Ann åtvarande: ”Ikkje gå dit, der kan det vera klapperslangar” – Då var det ein halvgamal kar som for eindel meter sprang som om han hadde ”varme laus i fø’n”                           Til sist enda vi opp hjå ”aunt Shirley” i Hot Springs. Dotter hennar og mannen har ranch (driv med Hereford og Angus) nordaust for byen, om lag 300 dyr gjennom sumaren. Borna deira, jenter, var svært flinke til hest, så her vert familietradisjonane halde i hevd. Hot Springs hadde varme kjelder og var kring 1900 populær helsebadstad. I dag var det kring 4000 innb. , dei lurer på korleis dei skal nytta ut posisjonen sin – strategisk plassert nær turistattraksjonane – i framtida.

Onsdag (23/9) for ned i byen og kjøpte CD-brennar til CA. Møtte ”aunt L” til kaffepause og reiste deretter til ”the Badlands” og  ”Wall Drug”

Deb Bush, Hulett, WY Devils Tower, WY Carol Ann omkransa av vakre haustfarger

Torsdag (24/9) Starta dagen med Lunchbreak saman med Ken Kennedy nede i byen. Reiste nordvestover  og kom til Sturgis der det er motorsykkeltreff ei veke om sumaren. Kvart år kjem 500.000 ”bikers”  til arrangementet. Så køyrde vi mot Butte (”noko som stikk opp over den flate prærien"), mot vest hadde vi Terry Peak, høgste punkt om lag 1600 moh. Der var vintersportsstadane. Vi kjem no inn i Spearfish.     – Reiste innom Hulett, WY og var på Ponderosa cafe og bar og tala med og fekk nokre gode kaker hjå Deb Bush. (femmenningen til son min, må det bli). Ho hadde ”blink i auga” . Bladet ”House & Garden” hadde gitt kafeen attesta at dei serverte ”Best Bisquit and Gravey west of Missisippi” 

I dag (Fredag 25/9) går ferda mot Salt Lake (Bussar vidare til San Fransisco 09 18 22 ca tid)     Fredagen starta ved 8-tida, prøvde å bøta alle lause endar (på slektsopplysningar). Har montert CD-brennaren til Carol Ann og tek med bileta frå Black Hills på heimbrent CD. Reiste på turen til busstasjonen innom fam. Dahl sin kopi av Borgund stavkyrkje (kalla Lutheran Church in the Hills) der det var bryllaup. Norsk immigrantmuseum i ein liten tømmerbygning på kyrkjetomta. Ole & Lina treskulpturar utanfor. Sidan drog vi til Dahl galleri. (Dahl var ein rik bankier av norsk avstamming). Her er ein frise over amerikansk historie langs fire veggar – vel verdt å sjå!  Til sist la vi turen innom eit kunst/handverksutsal med flotte papirmachefigurar (indiansk kunst).  …..Så går bussen….