Dahl fine Arts CenterSD, Salt Lake City, Tabernacle quire, (alle desse bilda avfotografert, les meir om dette seinare) Wyoming bilskilt (maskert)

Fredag 25/9 ikr kl 23.00 Vi er no i Casper, Wyoming. Har ein 15 min. stopp, vistnok ikr. 44 grader Fahrenheit ute, kjendest ikkje så kaldt. Reiste 20.45 frå Gilette. Då var det alt mørkt, klår stjernehimmel, leitte meg fram til Karlsvogna for å ha noko heimleg å kvile auga på.

Laurdag 26/9 01.30  Inn att i bussen etter å ha ete nattmat. Ein diger steik, godt tillaga, men servert utan gaffel og med ”steikte eplefløs” (som Fausken sa) og to brende halve loffskiver ”Western style”  + kaffe og isvatn .  Attende i bussen bar det mot Cheyenne der vi vart lasta av medan bussen drog vidare til Denver, Colorado.  Etter at ei rad ”mindre trivelege typer” hadde borda ein buss til Oklahoma ein halvtime seinare var vi berre 2 reisande og 2 nattarbeidarar att på busstasjonen. Eg hadde ikkje lyst til å sova, men reisefelagen min frå Gilette snorka trygt iveg med hovudet på ryggsekken sin. (Det såg nokre timar etter ut til at han vart møtt av kjenstfolk i Salt Lake, så han kjende seg nok trygg).  Eg skumlas boka til CA og ved 7-tida byrja det å strøyme på med folk. Bussen vestover for ved halv8 tida, for meg verka det som mange av passasjerane høyrde til ei gruppe ”overutvikla” born, men dei hadde gått glipp av opplæringa i folkeskikk. –Uansett ”over here” er dei mykje meir utadvende enn vi nordmenn er vane med.

Vel inne på bussen kom svemnen, eg sette meg utmed han som hadde sove så godt på ryggsekken sin. Det var ingen god svemn , men eg var iallfall sjeleleg ikkje i bussen. Tykte eg sat slik til, og i den type selskap at eg ikkje tok fram kameraet.  Prærielandskapet dominerte inntil vi nærma oss Utah. Vi såg fjella mot sør i Colorado, og etter Evanstown byrja eg kjenna att landskap som minna meg om heime. Det såg ut til at granskogen var planta og kultivert- det var flotte haustfarger, gul lauvskog i fleire sjatteringar oppover i brune og grøne lier.

FRAMME i Salt lake City. Fann ut om rutetider og kvar drosjene var parkert. Sjåføren prata tysk (Han høyrde vel som alle andre at eg ikkje er frå USA) og tok meg med til Marriott rett ved sentrum i byen, $79 for ei natt, ”digert” rom, flott bad og internettilgang. Har sendt post til TM – fått svar og sendt påny. Likeså til Milo/Dianne og Carol Ann, sende og eit førehandsvarsel til Wanda oppe i Nord Dakota  - og så får eg finna telefonnummeret til Sunwalls i Billings.

Tok ein tur i byen, såg ”kyrkja”, var inne i Family-search bygget, men senteret stengde klokka 19. Bysenteret var velorganisert, og dei må ha flinke gartnarar her! Var innom og fekk mitt andre hamburgermåltid for dagen. I morgon får eg eta annan kost! Tinga billett for byrundtur med garantert plass ved konserten av Tabernakelkoret.

Sundag 27.  Vekkjarklokka slo inn kvart på sju men eg kom meg ikkje opp før 7.15. Pakka, sjekka ut og kom meg på sightseeingbussen. Bussen plukka opp folk på ulike hotell i buen og ved bubilsenteret. Enda opp utanfor Tabernakelet – vi gjekk inn og høyrde på koret si sundagskonsert. Deretter omvising på området med ”Missioniers” .  I Lunchpausa kom eg i prat med 2 systre frå Minnesota, eg fekk konvolutt med påført namn og adresse og skal returnere denne når eg kjem heim.