Kart , San José , postkort "cableCar" , Alcatraz , Golden Gate 

- Det er snart måndag. Sit atter på buss – Greyhound – til Reno, og er no komen inn i Wendower, Nevada (Spelstaten). Casinolampene glitrar her i den vesle byen.   Sjåføren verkar vera ein sinnatagg, han prøver å overgå Gud i å dele ut bodord av typen DU SKAL eventuelt DU SKAL IKKJE !  Elles vert du kasta av bussen. Nok inga lysteleg utsikt her i ørkenstaten !!!  Har fått utdelt transferbillettar som skal passast på som smeden, elles…..    

Måndag morgon om lag 7.30 Stillehavstid. Eg sov ein god del gjennom Nevada, la merke på at vi for nedetter lange utforbakkar. Måtte ut og vente inne på busstasjonen medan køyretøyet vart tanka og vaska. Fekk selskap av ein liten kar siste del av turen. Han hadde med seg ei diger pute og somna så godt. Elles ser reisefylgjet ut til å vera ganske så internasjonalt. Sjåføren vi no får tykkjest mindre autoritær enn forgjengaren. Vi kjem av garde  ein halvtime forseinka.  Her er eit skilt til Squaw Valley …. 

Lake Tahoe, vi er i California. Her er fjell og furuskog, her og der ser eg merkje etter skogbrannar. Går ut frå at dette er området vi høyrde radiooverføringar frå vinteren 1960, gullmedaljer til Håkon Brusveen og Tormod Knutsen. Etter vegen her er det mykje meir jomfrueleg enn på Beitostølen, og der har dei enno ikkje hatt Olympiske leikar. Sjåføren annonserte no neste stopp: downtown Sacramento. Kan hugse bynamnet frå forteljinga om ”Snøsko-Thompson”, som eg las i Norsk barneblad mange, mange år attende.  Her ligg vegane etter terrenget, nett som i fjella heime. Her ser eg til og med noko som liknar granskog, men kvistane ser ”rufsine” ut.    – Donner pass, skianlegg, edelgran..

Måndag (29/9) ikr. 12.00: Sjåføren sa at eg kunne fylgje bussen vidare til Oakland og byte buss der, då ville eg spara tid. I Oakland vart kofferten sett inn på bussen til San José, og eg kom meg på, rett før sjåføren klappa att bussdøra. Eg hadde stelt meg opp i ”gate 5” og trudde som vanleg at eg skulle ”wait in line”. I San José fann eg snøgt ei ledig drosje og kom utan vanskar vidare. Vi køyrde lenge nordover att på motorvegen før vi tok av mot vest og Saratoga, som er eit bustadområde, nok for dei rike. Smiths kom hit for 40 år sidan då området var i ferd med å bli utbygd. På den tida, seier dei, var det rimelege tomteprisar og låge renter, men i dag er det ein annan dans.

Tysdag 30. sept. Tok ein morgonspasertur rundt i området. Sett med Åbjørsaugo er det eit enormt artsrikt tre-, busk- og plantelandskap her. Alt frå palmer, nåletre (lerk med voldsomme kongler), eviggrøne krypplanter, roser, hagtorn og lauvtre, samt ei rad arter eg aldri før har sett, og langt mindre veit kva heiter. Kom i går kveld innom tema politisk syn, og det eldre vertsparet er pensjonerte lærarar, og svært mange av den yrkesgruppa høyrer til dei som nok ikkje stemmer på filmhelten Schwarzenegger komande veke….. California har i ei årrekkje vore ein Demokratisk styrt stat, vart meg fortalt.    Får vel kopiera ut bileta frå CD-en eg har med, vonar 5-menningen min kan hjelpe til med å laga i stand eindel bilder til mor si. I morgon er det planlagt utferd til åsane i vest  i dag evt. til teknisk museum i San José.

Onsdag 1. oktober   Tur til Santa Cruz ved Stillehavet. Vi kleiv til 600 moh. Her er mykje gran/furu men med stort innslag av lauvskog med kraftige dimensjonar. På austsida av åsen var eit stort vassreservoir som sårt venta på skikkeleg vintervér (regn ??) . Nede i Santa Cruz gjekk vi ut på piren, fotograferte Stillehavet og måkene. Måsen såg større ut enn langs norskekysten. Dei brungrå måkene er unge fuglar (Glaucos –  California gull). Etter middagskvil vart eg med Marshall jr., Christian og Silvana heim – vi sjekka opp busstider på nettet og dro deretter på Thai-rastauranr.Christian måtte ha blanda eitkvart i appelsinjusen min, då krydringa på Thai-maten ikkje verka så forskrekkande sterk som eg vart åtvara om. Reiste deretter på møte i den lokale orkidéforeninga, der eg vart presentert for dei mest promonente medlemmene. Foredraget om vern og ivaretaking av trua planteliv i regnskogen var svært profesjonelt framført (2 diasframvisarar og overhead styrt av ein foredragshaldar)

Torsdag (2/10)  Vi reiste til Mission SantaClara og kom til eit velsmakande lunchbord, deretter la vi vegen til skysstasjonen eller ”Mission”. Var saman med Mary inne i den store kyrkja – 3 skriftestolar på kvar side.  På kvelden var eg med den yngre garde på ”fleirkino” i Saratoga. Filmen var ein tysk produksjon ”Luther”. Interessant – gav god bakgrunnshistorie om kyrkjeleg og nasjonal reising i det tyske området på kurfyrst Fredriks tid.

Fredag 3. okt : Kopierte og namnsette dei fleste bileta Mary ynskte og prøvde det ”glossy” fotopapiret. Det var trått å be velleva med desse tvers gjennom venlege of snille folka. Så vart eg med Christian inn til San Fransisco. Heldigvis ba han meg halde ei god jakke klar. Inn mot byen vart skodda, eller lågt skydekke, tettare og tettare. Parkerte i P-hus 4. etasje ikkje langt frå busstasjonen og tok deretter kabelbanen (fyrst buss ein stubb) frå ”Market” og til ”Fishermens wharf”. Neste etappe var båtturen ut til Golden Gate. Det var temmeleg ”huskint” og dersom notatboka har saltflekker i sidene kjem dette frå området ved Puget Sound, ”syndé” der vi snudde under brua – nordover for vi rundt Alcatraz og innom moloen til rolegare farvatn. Godt var det at vi fekk utdelt vasstette teppe til å dra over oss, der vi sat i stemnen på båten. Reiste saman med far og 23 born frå Arizona. Den minste guten somna på dei gjennomblaute sitjeunderlaga då vi kom innom moloen. Rusla langs ”strandpromenaden, fylgde turiststraumen innom turistbutikkane (omgjorde sjøhus) og tok så kabelbanen attende til Market. Christian sette meg av rett utanfor Grayhoundstasjonen.

Eugene OR , Portland OR , Powell's City of Books (kvittering) , Sacramento WA , Coeur d'Alene (der var det vent!)

Tok buss til Sacramento kl. 20.30 skulle vidare nordover kl 22.40.  Det drog ut – lenge – godt over ein time, nok fordi dei måtte skaffe ekstra buss og sjåfør. Ho køyrde seg utpå natta bort i staur og vegg og træla og ringte med mobiltelefonen for å finne busstasjonen i Redding der dei hadde sjåførbyte. Sat og grunna på kva ”Brynestadbutikkane” – som vi var innom i Santa Klara heitte, og no gjekk lyset på: COSCO. Ei anna kjeda av kjøpesenter (var innom eitt i Rapid City) var TARGET.

Laurdag morgon 4. oktober  -  sola ikkje over horisonten enno – har slappa av og sove eindel i natt. Stogga kl 6.30 i Yreka og kjøpte frokost, denne gongen på TacoBell. 2 lefser med ost, grønsaker og kjøtt +potetkuler i olje samt brus for 40 kroner.

Kom i busskøa i Sacramento i prat med ei kanadisk sjukepleiarske, gift med ein pensjonert planteforedlar – vi hadde ei interessant meiningsutveksling om vår nære historie og framtidsvonene for verda.  Må og ta med at eg har hatt lite høve til å koma i kontakt med epostkontoen min dei siste dagane. Mac’en i Saratoga sette ingen pris på dei klåfulle Åbjørsfingrane mine, og gjorde sitt beste for å kopla meg snøggast råd ut av internett. Eg veit Tor Magne har sendt meg ei melding, men har ikkje fått lese ho. No er det langt på dag i Åbjør, og her vest ved Stillehavskysten er vi 9? timar etter. Tok nok farvel med den siste palma på natta eingong. Køyrer no mellom låge åsar kledde med barskog – sagkjedene heiter då visseleg "OREGON" i heimlandet…så vidt eg skjønar er vi no på tur inn til Grants pass i Oregon.                   – ”quick stop, 2 minutes” …klokka er halv 11 vi er komne til Eugene. Sidan Grants Pass har véret endra seg, no er det skodde og lågt, grått skydekke, duskregn (det fyrste eg har sett i USA). Landskapet er bakkut, vegen slyngar seg langs lisidene, det er småkupert og ikkje dei store høgdeskilnadane.    Køyrde no forbi Univ. of Oregon. Har også sett store sagbruk. Gran og furu dominerer, men stor variasjon innan  desse bestanda. Få ”gardsbruk” - men ser både storfe og sau som beiter på slettene langs dalbotnen. Litt for dårleg sikt og vatn på bussruta hindrar fotografering. Mange nye reisande herfrå. Neste gong bussen stoggar skal vistnok vera Portland.

- Portland: Bussar mot Seattle 12.55 ank 17.20 frå Seattle til Billings 19.20 ank 14.50 neste dag.  --  Laurdag (4/10) ikr 13.00    er komen til Fossens (dei yngre), reiser vidare i morgon. Har vore innom biblioteket og sjekka e-posten. Tor Magne hadde vore med og flytta Birgit og Leif frå Vang til Nordtørp. No veit dei iallfall kvar eg er. Sende også melding til Vøllo og til Ole Arne pån Brøto.  Milo skreiv: ”Ola, where in hell are you ?”og eg svara: ”eg er ikkje i Helvete, men mykje nærare himmelen!”. Planene for kvelden er vistnok ein Gresk festival nede i byen. ..Vi fekk med oss både festival og bokhandel.

Sundag 5. oktober kl 12.40  Greyhoundstasjonen i Portland. Hadde ei trygg natts svemn hjå Vinh og Garth oppe i Nob Hill vore på helgemarknad i Chinatown. Kjøpte ein lærpung til å henge rundt halsen (12 dalar) – var innom eit stort varehus og kjøpte kaffe og Danish (winerbrød med syltetøyfyll). Prisane på brød var høge, minst 1 $ meir enn vanleg, men dette var ”organiske” produkt. Turen gjekk så til ei av bruene (Burnside) for å ta bilete. Fekk nokre skot av ”skyline” mot downtown, kongressenteret og ein restaurert hjulbåt dei nyttar i turistsesongen. Eg reknar å starte turen austover i kveld og vera i Billings, Montana midt på dagen i morgon.

Rutetida gjev ankomst Seattle 16.45, kan reise vidare 19.20. Her er fyrste gongen eg fekk klargjort at eg mo få utskrive eige Greyhound-pass, må prøve å få dette unna i Seattle.     –Stogga i Olympia. Her er Capitol hill for staten Washington. Veret er lettskya, små glimt av blå himmel. Har reist gjennom flatt landskap, små lisider langt unna, mykje granskog, uvisst kva slag gran. Her og der bedriftsskilt med skandinaviske namn. Eit par i samtale bak meg kommenterte rundballane på ein farm vi passerte (konservert på ”norsk” måte med kvit plastfolie – dei fyrste eg har sett av det slaget på dette kontinentet). Sjåføren  melder no frå om at vi har 1 time 15 minutts køyretid att til Seattle.

- Bussen til Seattle gjekk 19.30 10 minutt forsinka. Endeleg har eg fått noko betre enn A4 ark frå reisebyrået i Noreg til billett. Det var inga lett oppgåve – gjekk til billettluka og dei sette i gang å ringe (var det til Canada ?). Kvinna bak skranken sa at dei ikkje kunne laga billett då eg alt hadde reist ein del av tida. Ho skreiv ein heil harang nedst på arket, og eg slo meg til tåls med det.  Då eg skulle sjekke inn kofferten fekk eg plutseleg utskrive ein fullstendig ny billett lydande på 3 veker frå og med 5 oktover, så no kan eg ver reise med Greyhound lenge etter at flybilletten attende til gamlelandet er datert.

”Dreit meg ut” ved å fotografera gjennom bussvindauga med snøggljoset på. Månen kasta så fine sylvfarger i vassflata vi køytde attmed – eg må nok læra å stille inn Fujien i blinde.

Er no i Ellendsburg, var stigning eit stykke, sidan slakt ned, truk enno ikkje vi har starta klatringa oppover fjella i aust. Turen hit tok ikr 2 timar frå Seattle.   

Spokane - Måndag 6. oktober ikr 01.40.  No er vi inne i MountainTime snart. Skal vera i ??? om ein time. (I ???) kjøpte eg Fransk toast (eggebrød/sirup og smør) hjå ein stakkars austasiat som ba om orsaking heile tida.  -  St Regis, Montana lokal tid ikr 04.00. Vonar dei skal skifte ut den kvinnelege militære sjåføren snart – vi får tru det…….. JA, no er vi kvitt henne--Utetemperatur 44 F