Vi kryssar Yellowstone River

Butte, Montana vel 9 om måndagsmorgon.    BLÅMÅNDAG !!  Er redd eg sletta det eine kortet med bilder frå Utah, California og Oregon. Finst inga grenser for slik toskeskap. Klundra med å kopla ut automatisk blitz i menyen, og var uheldig og trykte OK med valget Formatering. (Huff ja, format C: )  No er det for seint å angre. Nokre av bilda er i alle fall lagra på ein Mac i California.

Drithogg nummer 2. Frokostmenyen eg tinga synte seg å vera eit slag gjærbolle, krydra med eit for meg usmakeleg stoff og det vart servert saman med ein slag kvit saus med kjøttbitar i. Speilegget glei ned saman med ”hashbrowns” (lettsteikt, grovraspa, rå potet) Nor ein dyr lærdom, sjølv om maten er billeg her (5 dalar)   Den (*******) meggesjåføren som fræste opp om blitzen min får vel ta noko av skulda , vel ?  Gråt ikkje over spilt mjølk.

Får sjå dei lysare sidene av livet no… Vi er iferd med å passere vasskilet mellom aust- og vestsida av kontinentet. I søraust ser eg høge fjell. Elles er det turt og sandut, spreidd skogvekst og nokre ranchar i dalbotnen. Får prøva å fotografere gjennom bussglaset, det er så fine haustfarger på lauvskogen utanfor.

Sjåføren vi no har fått er utruleg lik han NTØ (dei kalla’n). Vi har køyrt gjennom Livingstone – eg har enno ikkje sett noko til han Stanley.  Såg i sør inn mot Yellowstone nasjonalpark. Her er sletteland med fleire etasjar platå, her og der grøne areal med kunstig vatning. Temmeleg likt over heile fjøla hittil i Montana.Eg får hugse å fotografera bilskilta i denne staten og.

Tysdag 7. oktober:  har overnatta på Big 5 Motel i Billings. 35 dalar. Greitt rom med TV, bad og seng. Lokaltelefonar var gratis. Fekk i går kveld kontakt med fru Sunwall. Ho var så lei seg fordi mannen hennar ikkje fekk møtt meg når eg var i byen. Eg ringde Melchert og sa frå om at eg ikkje stogga i Golden Valley, ND. Han fortalde at Wanda alt var reist opp til Fessenden.    – Sov godt i natt og vakna før 7 og tok bussen mot Bismarck kl 9.30. Er no komen til Miles City der eg tek med papirunderlaget  frå McDonald, god landbruksreklame ! Tok bilde mot Big Sheep Mountain, no kryssar vi Yellowstone River. Sjåføren fortalde meg at han skulle køyra til klokka 20 ikveld. Kanskje skal han byte i Bismarck ? (Nei han skulle lengre)  Det er vidt sletteland mellom elva og fjella her. Små flekkjer kultivert land – vatningsanlegg og store mengder turrhøy-rundballar. Flotte haustfarger langs elvebotnen.