Melby-Rogness home, Manfred, ND Vang Lutheran Church, Manfred  Heimdal ND, tidl. Gigstad farm  Ardell in "Pastors Parking" Viking Church, Benson Co, ND

Onsdag morgon 8. oktober: Har overnatta på .  Leigd bil, som eg skal hente på flyplassen. Set så kursen nordover mot Fessenden, Manfred og Harvey. Tala i går kveld både med Bergquist, Lageson og Gigstad- familiane. Då eg hadde tala med Milo i Glenwood, MN var telefonkorta mine tome.  

Med vegkartet som fyljesvein oppslege på passasjersetet og pulsen over det normale. Lyfte eg foten frå bremsepedalen og for i veg mot nye reisemål. Kjende meg liten når dei digre lastebilane ramla forbi  som elefantflokkar, men fann meg etter ei tid godt til rette i trafikkbiletet. La kursen forbi Steele, Tuttle og Fessenden. Ikkje lenge etter ser eg skiltet med Manfred – og kjenner att bygningen frå biletet på heimesida til Wanda sin organisasjon. Eg bankar på døra, og ei svært overraska fru Melchert vert for nokre sekund mållaus.  Etter å ha sett til livs halve nistepakka til Wanda, spør ho meg om eg vil bli med henne på møte i den lokale ”Ladies Aid”.   – No hadde eg ikkje vore på kvinneforeningsmøte sidan eg var 6 år, så eg svara ”ja, gjerne” med det same.  Det vart ein interessant visitt, alle dei frammøtte hadde norske røter, og eg la nok eingong merke på kor nær einannan vi kulturelt er, i det norske USA og i ”gamlelandet”.     Men EG - i kvinneforening?  Nokre liner frå Jacob Sande; ”Etter ein rangel” for meg i minnet, og eg vonar eg fall godt inn i rolla som ”munk i misjonskoneringen ”.

Laurdag 11. oktober: Har budd 3 netter hjå familien Gigstad nær Maddock, Benson Co. Særs trivelege folk. Det var som om vi hadde kjent kvarandre heile livet. Vi har vore rundt på dei lokale kyrkjegardane, ute på ”homestead”ane og teke ei rad bilete. Gigstad har saman med sonen Kevin leigd fleire gardar. Gløymde å spørja om å få ein kopi av PowerPoint presentasjonen borna deira hadde laga til sylvbryllaupet. (Hugs å spørja om denne då det var ei mengd fine bilete) Torsdagskvelden kom 3 av borna til Gloria og Ardell innom for å helsa på den langvegsfarande slektningen sin. Ein av svigersønene hadde med seg det norske stamtreet sitt, og etter å ha sett på dette, måtte eg berre seia: "Innan du reiser til Noreg, bør du trena på å drikke eplecider" - så kan de lura på kvar opphavet hans kom frå i Noreg !

no må snart felemakaren ta ein lått  Barnekor "Sons of Norway" Gloria fann kunsthandverk Dei kan svarve i Amerikun mæ!

Då eg fyrste gongen hadde ei telefonsamtale med Ardell Gigstad (juledagen 2002) sa han til meg: "Du får koma ein tur, så skal vi reise til "Norsk Hostfest" i Minot. Ja, han vart teken på ordet. Fredag morgon gjekk turen gjennom Harvey, Velva og til Minot. Der var eit stort utstillingsåmråde, og dagen gjekk snøgt. For mine augo var alt svært kommersielt lagt opp, sjølv under "Dance of Norwegian Sweathers" marsjerte dei i bakgrunnen med store plakatar om kva stand du kunne kjøpa strikkevarene hjå. (ved nærare ettertanke er det ikkje lang tid sidan utvekslingsstudentane undra seg over det reklamefrie fjernsynsprogrammet vi såg på).  Det var utruleg mange som synte fram produkt i skandinavisk tradisjon, her var mykje fint handverk, eit par stader må det vi såg få karakteren kunst. Her var mykje underhaldning, vi fekk med oss både svensk folkemusikk, barnekor og leikarring og eitpar karar ("Indian and white Guy") som retteleg fekk sett "skratemuskelatn" i gang. (sjå under)    Eg måtte ôg konkludera med at Bjøro Håland var verdskjend i Minot ! - Ved "Sons of Norway" bordet fekk eg også kontakt med ei av slekta, Audrey Solheim.  Klokka tikka seg mot midnatt innan vi var heimatt på Gigstadfarmen.   Eg sette stor pris på kva dei yngre familiemedlemmene sa til meg: "Det var godt du kom, for no fekk mor og far høve til å ta seg litt fri frå slitet"!

Historia eg hugsar, spelte på skilnaden mellom ulike religionar/-retningar og det engelske ordet recognize (kjenne att, vedkjenne seg) -   Jødane vedkjenner ikkje Jesus som Guds son, Katolikkane kjenner einast Paven som Guds øvste representant på jorda og Skandinavane kjenner ikkje kvarandre når dei står i polkø...

Det tok lang tid innan eg skjøna kvifor eindel folk kom bort til meg og spurde: Hei, Kvar kjem du frå ?. Eg rekna med grunnen var at dei såg eg var ein bygdeoriginal frå gamlelandet.  Etter å ha granska klistremerket som var med billetten, skjøna eg at dette var ein del av ei tevling om å finna "den løyndomsfulle Vikingen" , men eg var nok ikkje han, nei!   - Midt på dagen sette vi oss ned for å ta ein kaffekopp og  ein "lefsebuss", eit eldre ektepar kom og spurde om dei 2 siste stolane ved bordet vårt var ledige. Etter å ha svalla litt om laust og fast, kom det fram ak kona hadde røter i Hallingdal, og greiner som gjekk til Fagernes. Nok eingong måtte ein sanne at verda er lita. (når ein er i rette selskapet, vel å merkje)

ned mot Sheyenne river Heimdal, Wells Co, ND avskilsstunda er komen Missourielva ved Washburn, ND Hestane på ranchen var ikkje til pynt

Klokka er 17.00 og eg er framme hjå Bergquists i Wilton. Det var lett å finne fram. Her var det tidlegare gruvedrift .kol. i dag er det dagbrot. Laurdag kveld tok vi turen til Lewis & Clark senteret og til vinterkvarterplassen L&C hadde hatt ved Missouri-elva. Avslutta med å eta på ein triveleg restaurant.

Sundagen starta med å reise til Sunne kyrkjegard for å ta bilete, deretter dro vi til sonesonen Les, som eg tidlegare hadde tala med i telefon frå Åbjør.  Juledagskvelden 2002 ringde eg heim til Les, fortalde kva eg heitte, kvar eg ringde frå, og spurde om han hadde norske aner. Han vart svært i villreie og svara: : ”er det sant at du ringer frå Noreg”? Eg bekrefta dette, og fekk motspørsmål: ”du ringer vel ikkje frå… (radioprogram der folk vert narra)?  Eg sa til sist:” Så vidt eg veit, sit eg i Noreg no, eg kan om ikkje anna tala norsk til deg, men det hjelp vel ikkje, for du vil likevel ikkje skjøna kva eg seier”!  Då svara Les: ”Då skal du få tala med Granddad” – Litt etter kom ei ny stemme i telefonen, som sa ”Hur mår ni”! Etter nokre få merknader og ei referanse til Ethel Christensen i Glenwood, var trygg kontakt oppretta mellom firmenningane.           - På farmen hadde dei eit hopetal gamle traktorar , som no vart brukt i parader. Emil B har nok vore, og er svært interessert i teknikk. Farmen ved Round Butte, der eg såg Bergquist-skiltet høyrde til sønene til Emil. Vi helsa på kona og borna på ranchen, den minste jenta var omvisar saman med katten, og veslejenta ville gjerne syna fram kislingane dei hadde (Barn er barn same kvar du er i verda!)

Emil Bergquist i parken i Wilton Hjå Corrinne Haadem Pfaff 4 generasjonar Bergquist "Tru kurven æ spekjin enno" ? fyljesveinen min i ND

I Wilton hadde Helen venta ein halvtime på oss, så vi reiste snøgt sørover mot Bismarck. Buicken til Bergquist fyrst og eg etter i Montanaregistrert Toyota. Vi reiste innom Corrine Haadem Pfaff som hadde ei mengd opplysningar om etterkomarane til Tore og Ola syegarde på Håe. Gjorde avtale om å få tilsendt ein kopi av slektsheftet til Glenwood. Emil fortalde at han hadde vore med foreldra sine på vitjing hjå Tore eingong i 30-åra. Neste stopp var BurgerKing, deretter til flyplassen for å levere leigebilen min. Så til Sons of Norway parken i Bismarck. Sidan det enno var noko tid før bussen skulle fara mot Alexandria, vart det tid til å helse på eldste son i Bergquist-familien. Her var son/svigerdotter, barne- og oldebarn samla. Robert Bergquist hadde same humoren som Ardell G og Milo F, desse karane vil nok ”finne tonen”. For meg ser det ut til at Bergquist-familien har vore flinke til å ta vare på  ”slektssansen” i greina vår oppe i Heimdal-området (Wells og Benson Co.)