Fyrste rådstova i Pope Co dugurdskvil med Lisa Torvik i fart forbi American Mall vi sov nok trygt på Howard Johnson Manhattan skyline frå "sjuttelruta"

21. oktober:  Denne notatboka var berre meint å vera til notat frå bussturen, men no sit eg på flyplassen i Minneapolis – Lindberg terminal, og flyet til Newark er forsinka 45 min pga veret på austkysten.   Var oppe kl 7 i dag og tok farvel med Diane før ho drog på jobb. Var ferdig med å namne og skanne foto samt brenne cd, kom meg i seng 02.30.  Vinka Diane av garde til stabsmøte hjå Schwarz bros. i Starbuck kl 8. Milo kom seg også opp, og vi dro iveg nokre minutt etter 9, returnerte så for å finne adresse/telefonnummer til venen frå Alaska som var hjå mor si i Minneap. som bilkjøpsassistent. Milo tek han med attende til Glenwood, og dei skal vidare til Nord Dakota på andejakt. Vi stogga langs 194 og hadde lunsj med Lisa Torvik. Har handla college-genser og lue til TorMagne her på flyplassen.

Boeing 747-400, Newark flyplassen 22.okt 21.30  (vart ikkje mykje forsinka, men…)  Er no trygt om bord på flyet til London etter ein (********) kjedeleg dag. Har sprunge rundt frå eitt til halv tre for å finne ut korleis ein skal sjekke inn hjå Continental nor ein har fått endra billetten.                 Vart ein halv time eller nmeir forsinka ut frå Minneapolis i går, 16.15 vart 17++++ og dei gav inga melding om at vi som hadde nye fly å forflytta oss til kunne bli ombooka til andre flyselskap – dei flytta då folk som skulle til Shannon airport over til eit Northwestern-fly austover.   I Newark arriverte vi kl 21.30 etter flyplassklokkene å døma. Dersom dei var like forsinka i går kveld som Virgin Atlantic ser ut til å bli i kveld var det eit under at vi ikkje nådde flyet igarkveld. I Minneapolis fekk eg vita at bagasjen var sjekka inn like til Oslo, eg trong ikkje tenkje på koffertane før eg kom til Gardermoen, og at eg skulle sjekke inn på terminal B i Newark- ”take the shuttle” sa dama i Minneapolis.     –Så lett var det ikkje, vi vart avviste med meldinga om at flyet til London hadde reist, men dei ordna med overnatting og matkupongar. Howard Johnson var OK, eg sov like til 11.20 i dag. Fekk ikkje gitt noko melding om at eg vart forseinka (ingen PC på hotellet), men etter 5 veker her, kva er vel ein dag verd ?   Vel høgstdags og etter ein kopp svart kaffe og ei epleterte (applepie), tok eg flyplassbussen attende hit. Vandra rundt … vandra rundt… og fekk sjekka inn blant dei fyrste. Ny melding: ”Kanskje må du finne koffertane dine og sjekke fei inn i London”.  Ja, kvar bagasjen er , er Continental sitt ansvar. For fram og attende mellom P4, C og B og fekk iallfall knipsa eit bilete av Manhattan skyline gjennom sjuttelruta i fart, får sjå kva som kjem ut av det.

Ja, ja, eg fekk då eit døgn i New Jersey, anyway.

- Har nett fått kveldsmat på flyet. Laks, salat og ostekake. Humøret er på stigande. Må ta med at eg ikkje fekk nytta internett på ”Howard Johnson”, den var ”out of order”, men eg kunne dra til Holiday Inn og nytte den dei hadde der…

Etter 5 veker vil det nok bli ein overgang å tala norsk att. Di nærare ein kjem heime, di meir spissar ein øyro for å høyre etter sitt eige tungemål. …og meir og meir byrjar ein å tenkje på kva problem ein møter når ein kjem heim til Åbjør. Minusgrader , frose vatn etc   og kva med bilen og EU-kontroll, har Eggulf køyrt han attende til Fagernes ?

Tida er kanskje mogen for å gjera freistnad på eit tverrsnitt av vekene ”over there”

(1)    at ”Alt er stort i Amerika" (utsegn frå Halvor Tangen) var i hovudsak korrekt.

(2)    Utviklinga i struktur er mykje den same på båe sidene av Atlanterhavet.

(3)    At vi i ulike greiner av slekta har mange fellestrekk , menneskjelege slike, er heva over tvil. ”Bybuarane våre” i USA har og berre eit par generasjonar bak seg sidan forfedrane deira kom inn frå landsbygda

(4)    Vi går for snøgt ut frå at slektningane våre forstår kva vi talar om, når vi kjem inn på noko i vår eige ”sfære”. Vi må læra oss å starte på ”barnetrinnet”. Utsegna til ”onkel Vladimir – russisk ordtøke): ”Betre å ha sett ein gong   enn å ha høyrt hundre gonger” kjem til sin rett.. Det måtte iallfall til for meg !

Langt der ute ser eg no no ”the big dipper” (Karlsvogna)… Eg må finna meir opplysningar om geologien i dei områda eg farta i i USA. Før eg reiste ut på turen var ”Lewis & Clark” eit ukjent omgrep, no har eg støytt på referanser til desse oppdagarane kvar eg har farta (det fanst nok ein god del info på nettet) – Ved høve får eg tala frampå med Torbjørn Moen om eit arkiv/oppslagssystem for å finne stoff i 100-åringen i bladstova på Fagernes ( dei hadde då fått dette til i depresjonstida i Pope Co…. Kanskje treng vi depresjon i Valdres ?).

Utan Ethel Christensen ville reisa mi vore umogeleg !!!!  

 

………………………………….. og så er det ikkje meir notatar……………………………