Glenwood skipper Fossen er på det turre er isfiskehuset stort nok ? burde kunne treskast, dette  Jean Marthaler, St Joseph

The following lines are written down at Minneapolis/St Paul Airport, so the timeline might have been mixed up for some events.......

Veka etter eg returnerte til Glenwood gjekk utruleg fort. Tysdagen (14/10) hadde eg ein lengre visitt hjå Ethel, det er nok henne eg mest kan takke for at eg kom meg ut på denne turen. Ho er eit realt kvinnfolk! Og har det vi kallar ”grøne fingrar” –ikkje utruleg at det var hennar ”stryllo” vi såg oppe på haustfesten i Minot.    Onsdag (15/10) tok vi båten til Milo opp frå lake M. Og køyrde han til opplag i Starbuck. Trefte der ved rein slump Maynard Lundebrek, som er i nær slekt med gudfar O Ny.    Torsdag (16/10) var vi på tur til St Cloud – Milo skulle ha nye briller – eg var hjå Jean Marthaler  i St Joseph, tida gjekk med til å kopiere bilete og utveksla informasjon. Jean vil hjelpa Milo med Davidson-familien.  Fredag 17. var vi innom Pope Co museum og kopierte ”plat books” frå 1904 og 1910. 1964 utgåva fekk eg som gåve av Ethel Christensen, sida tok vi nok eingong tur ned tili Gilchrist saman med Ethel. Fann kvar homesteaden til Givre hadde vore, og køyrde skulevegen Ethel (no 89 år og like frisk) hadde traska som småjente. Ho fortalde kva dei hadde kalla stader langs vegen, td.  botnen av ein bratt unnabakke hadde fått namnet ”Syndefallet”. Vi fann ut at det nye huset på haugen høyrde til ein slektning av Ethel. Såg kvar Trond Amundsson frå Brattebrøto hadde hatt homestead.

Maynard Lundebrek og Milo  "artificial ducks" hugsar frå "Donald" når eg var liten.. frå Gilcrist Twp på epleslang (gode eple)

Vi køyrde vestover til Langhei og nordover mot Starbuck. Fotograferte ein stad der dei treska mais, og fann ut at farmaren heitte Hippe. Laurdagen (18/10) starta  med handel i Alexandria, CD-brennar som gjebursdagsgåve til Milo, samt plater til heimebrenning og fotopapir (eg gløymde den eine pakka eg kjøpte til meg sjølv) deretter var vi innom ”varehuset for karar” (jakt- og fiskeutstyr).  Sidan rydda og snekkerte vi i garasjen til mr. Fossen. Han er godkjend som assistent ved evt. byggjingsarbeid på Gamlestølen til sumaren. Vi fekk uansett lagra mykje av det som låg langs golvet i eit nytt ”reolsystem, både jakttelt, ein flåte og ei uhorveleg mengd av det eg kalla (og andre flirde av) ”artificial ducks”. Denne dagen runda Milo 61 år, og om kvelden reiste vi nord i Stearns Co. Og hadde middag på ei triveleg kro, mykje- og god mat. 

Ethel framfor skulehuset godt og vel 8 fot her, ja mot Lake Minnewaska solnedgang ved Baycrest Rd Fossenfolka er samla

Sundag (19/10) hadde vi brunch med Sue, Ivan og Dean Fossen samt Thompsons.  Måndag (20/10) var vi på gamleheimen hjå foreldra til Diane. Tala med ei gamal dame som påsto ho snakka norsk (ho kunne ein setning). Utanfor døra møtte vi ein eldre kar som heitte Heie og fortalde han ætta frå Flå i Hallingdal.  Vart med Jim Belgum og såg på – og fotograferte ei gamal reisekiste.

Temperaturen har vore langt over det normale for årstida, dei får nok eit skifte i slutten av veka, når eg er heime i is og snø i Åbjør.

heime eller borte, snus må ein ha Geraniane til Ethel C Haustfarger, Lake Minnewaska Haustfarger, Baycrest Rd vasstårnet i Glenwood