Dianne og Milo Fossen finn attende til "røtene" i Valdres våren 2003

Då eg var smågut høyrde eg ofte utsegna ”nei, mø har kji slekt i Amerika, mø”. Foreldra mine hadde båe arva familiealbuma frå kvar si slekt, og då son min og eg skulle rydda huset etter mor mi, som døydde  i mars 2002, byrja eg å sjå på kor få namn det var notert under bileta, og kor få av personane eg i det heile drog kjensel på.  Eg hadde kjøpt slektsprogrammet ”FamilyOrigin” i DOS versjon attende i 1992, oppgradert til Windows-versjon seinare, og pusla inn nokre opplysningar etter som andre av slekta skreiv slektsbøker. Men no var tida komen… eg lova son min at eg skulle gjera mitt beste for at han ikkje skulle kjenna seg likså ”fattig” (på opplysningar om røtene sine) - den dagen eg vert borte.

Etter ei tid kom det for dage at ho Astrid Onstad hadde ei slektsoversikt (datert 1994) og ei adresseliste frå Ethel Christensen i Glenwood. som hadde vore i Noreg for eindel år sidan.  Etter nokre telefonar jula 2002 hadde eg etablert kontakt med fleire firmenningar i Minnesota og Nord-Dakota. Våren 2003 greidde eg å lokka eit ektepar frå Glenwood til Åbjør (mannen hadde når det kom til stykket 3 oldeforeldre frå bygda, 2 frå Vang i Valdres, 2 frå Ådalen og ein frå Nordfjord. (Og ein Valdris er som dei fleste veit, mykje lettare å lokke enn å truge !). Med denne kontakta var dørstokkmila lettare å starta på, og med meir etterrøkjing synte det seg at andre greiner av slekta også kunne finnast att ”over there”.  Reiseruta vart lagt opp etter dette, og lenge før vallokala var stengde den 15 september 2003 var eg på vengjene over Atlanterhavet. Reisa gjekk som for vel hundreåret sidan med mellomstasjon og landtransport i England, for min del frå Heatrow til Gatwick, mot Hull - Liverpool i 1883