Chippewa Falls Kyrkjegard West Lake Johanna kyrkje Terrace Mølle Pionerkyrkjegarden Nora Twp på visitt hjå familien Belgum

Flyet landar i Cleveland, Ohio , og eg er komen til USA. Ingen hadde fortalt med at eg måtte skriva ned hus- og gatenummeret til vertskapet mitt, men til alt hell hadde eg alle opplysningar i ei tekstfil på ein CD.  ”Nice looking family”, sa dama ved immigrasjons-skranken.  No hadde fått dårleg tid, og måtte kappspringa med hinmannen for å nå flyet til Minneapolis.  Veka gjekk med til å orientera seg i området, starta å dokumentera med foto og tekst, og suga til seg opplysningar som ein god badesvamp.  No var det godt at Fossens hadde skanner og breiband.  Slekta supplerte med gamle bilete, kyrkjegardar, gravstader og farmar i området vart fotografert. Museet i Pope var også ein god stad å leita, arkivet deira for gamle lokalaviser var profesjonelt. Ein skilnad frå vår heimlege lokalavis var at ”Glenwood Herald" var ei ”sladreblekke”, men bra var det når ein skal leite etter knappenåler i høylasset. I Nora Twp. tok Jim Belgum oss med på ei rundreise, og eg skjøna då at hit hadde Åbjøringar kome alt for vel 130 år sidan .

Laurdag 20/9 hadde Dianne og Milo kalla inn til slektstreff, og eg fekk høve til å nevehelse og tala med ei rekkje trivelege folk.  Blant dei eldre var det fleire som tala godt Valdresmål, og folk hadde kome like frå Nord Dakota. Eg prøvde å vera så god ambassadør som råd var – for mine heimtrakter, og får tru at PowerPoint presentasjonen med lånt berbar PC og  -prosjektør vekte reiselysta hjå nokon og kvar.

Fossenfolka passa på å utstyre meg både med ei god notatblokk og kartverk. Sundagen starta ”den lange reisa”, og fyrste etappe gjekk frå Glenwood gjennom Granite Falls, Pipestone og til Crooks nær Sioux Falls vest i Sør Dakota. Her var eg gjest hjå familien Holdahl fram til eg vart fylgd til busstasjonen og snudde nasen vestover.

I dei neste sidene er skrift som dette kommentarar som er lagt til etter heimkomst til Åbjør, medan 11 pkt Times er direkte avskrift av notatane gjorde under turen. (eit par stader har eg sett ***** for unemnelege kraftuttrykk.)

.. Då er de velkomne til å fylja med meg på reisa …….