<%@LANGUAGE="JAVASCRIPT" CODEPAGE="1252"%> OHF 241207

24. desember 2007

( rull nedover - scroll down)

- Energy is needed on the hardest workday of the year -

I dag går tankane til: GRAUT - And todays theme : PORRIDGE

"There is a lot of food in good porridge !!"

 

Nissen har sett seg godt tilrette med grautfatet i fanget og skeia på snøgg veg mot matholet. Han sit med attlatne augo og let lufta av grauten retteleg pirra både nasebor og smakslaukar. Det er vel familien på garden vi ser i bakgrunnen på julekortet som har hugsa nissen med denne energitilførsla.

Eg kjenner sjølvsagt ikkje til kva slag gryn, mjøl eller mjølk grauten er laga av , men dersom re klikkar innom sidene til TINE kan de finna både opplysningar om JULEGRAUT og ulike grautoppskrifter.

Det heiter så fint at Nissen sit på låven med julegrauten sin, og har ein hærskare rotter som svoltne glåmarar kring seg. Kanskje har 'vår' nisse funne seg eit betre selskap ? Dersom du vil friska oppatt denne songen så klikk her eller her(MIDI)

De hugsar vel og "Kjerringa med staven" - ja, ho frå høgt oppi Hakadalen. Ho kokte seg graut, ho med, men fyrst etter at ho hadde dotte i bekken og bløytt seg ut. - Du finn meir om henne her.

Eg kan vel ikkje, som god Valdris, i desse førjulstider, gløyma å leggje ei lekkje til Rakafisksidene - og, sidan blod er tjukkare enn vatn her finn de meir godt for ganen !

The 'Nisse' has taken a well deserved break, found a good sitting position, put the porridgebowl in a firm grip in his lap, closed his eyes and letting the nice smell of the hot 'Jule-porridge' tickle his nostrils. Let us expect it's the family in the nearest farm who remembered the tradition to feed the Nisse on Christmaseve.

Of course, I do not know what kind of ingredients or which recipe is used to make this porridge, but on the website of TINE (Farmers Cooperative Dairy Union) you can find info on Christmas-porridge and a recipe for 'Rice Porridge'.

In Norway we have a song called "På låven sitter nissen med sin julegrøt" (The Nisse is sitting in the barn eating his Xmas porridge - with a lot of rats running around him ) . If you would like to hear this song, you might click here or here(MIDI)

Another song is called "Kjerringa med staven" (The wife with the walkingstick"). The song tells us that she too made porridge, but only after falling into the creek getting dripping wet. Read more on her here.

Being from Valdres, I can't forget to mention the link to the "Rakafisk-site" in these pre-Christmas days, and since bolld is thicker tkan water - here you will find more goods to sharpen the appetite.

Let us point the nose into a fairy tale where porridge is a major ingridient !

ill. av Theodor Kittelsen

ill. by Theodor Kittelsen

Sju år gamal graut

Det var eingong ein gut som skulle ut og fri. Mor hans ville støtt ha det så reint at ”det skulle vera som om det var blåsi”, sa ho.

Det ville guten og, difor ville han ha ei kjerring som var likså reinsleg som mor hans. Men korleis han skulle finna ut og dei var reinslege eller lortvelter, det gjekk han lenge og grunna på. Jau, til sist fann han på det. Han balla dei eine handa si inn i dukar og plagg, som om han hadde ein stor verk i ho, og så la han i veg. Der han kom , tok dei mot han slik det er skikk og bruk å ta mot ein friar til gards, både med øl og med drikke, med mat og med prat, og noko av det fyrste dei tok til å tala om var handa hans, og kva som var gale med henne.

Å, han hadde ein finger det hadde sett seg troll i, vasstroll kalla dei det, sa han; han hadde søkt både dokter og kloke koner, men det var inga råd å få.

Det er vel ikkje noko det ikkje er råd for, utanom døden, meinte gardsfolket.

”Jau, eitt råd seier dei at det er”, svara guten.

Kva det var ?

Det var sju år gamal graut; men det er vel ingenstads å få tak i, sa han.

”Pøh, ikkje anna”, svara dei, ”det skal det visst bli ei råd med, for i grytene våre og i dei gamle grauttroga er det skover som visst er både sju og fjorten år gamle”, sa dei.

Ja, det var reinslege folk !

Seven year old porridge

Once upon the time there was a boy who wanted to find a wife. His mother was a stickler for cleanliness, ”everything in the house shall look like its wiped from strong winds”, she used to say.

The boy felt the same way, and wanted his future wife to have this same quality as his mother. But how he could manage in a short while to separate the ’cleanliness’ girls from the dirtmagnets, in a short and not to obvious way, that was a tricky question. He thought on this for a long time, but in the end he came up with a good solution. He wrapped one hand with a lot of bandages, like it was heavily damaged, and then he was on his way on the path of courting. On the farm he arrived in, he was welcomed in the habitual way of accepting a probable son in law, both with beer and food, with beverages and smalltalk – and the first object to talk about was of course his hand, and what had happened to it.

Unfortunately, he answered, one of his fingers was infected with ’troll’, watertroll the learned heads called it, he had been seeking advise both from doctors and wise wives, but nobody knew a cure.

There has to be a cure for everything, except death, was the hosts remark .

”Well, I’m told there is one possible cure”, answered the boy,

And that is what ?

To cover the damaged hand with seven year old porridge, but I expect that is impossible to come up with, he said.

”That’s all what’s needed – I think we will be able to help you immediately; cause in our pans and old porridge pots there are dry leftovers there has to be both seven and fourteen years old”, exclaimed the host family in chorus.

Yes, he had entered a ”clean” home !

Klikk klokkene - Click on the bells

God Jul og Godt Nytt År til dykk alle !

Merry Christmas and a happy New Year to you all !