SELSKAPSHYMNE

Saman skal vi drikka

heilt til augo går i kross og vi på kne

Aldri skal vi gløyma Suttungs mjød

men skylla han med glede ned

Ja, for vi må minnast

Selskapskarane i Kaupenhamn førut

dei drakk alltid pons i gilde lag

ME tek jamnast Selskapsmjød frå tut

 

Vi er Det Norske Selskap, vi

og vi prisar

kjensler og gasta hordamål

kneskålklang og hakedrag, jawohl

Vi er Det Norske Selskap, vi

og vi skålar

til heilen liknar fårikål

Nirvana rekk vi berre vi gjev tål

 

Om du vil oss gjesta

må du gjerne eiga blæra god og munnen rapp

Du må kunne song om Lutefisk

og røykje engelsk pipestapp

Vi var sju som kunne

Og vi skipa laget gildt på Titreli

Dette er ei vise om oss sjølv

Ein Hordaslått med kjenslebiver i

 

 

--------------------------------------------------

 

 

Sidan biletsamlinga enno ikkje er stor -

Her er Stormeistar, Fanejunker, Myntslagar og Greiestyrar samla på Kooperativen jan. 06

--------------------------------------------------------------

 

Alle bilete som er knytt til hendingar i historia til DNSMHOK

vil Stormeistaren setje stor pris på å få tilsendt i digitalt format.

 

--- eller som då vi baud fram Småmeistaren til prøvesong framfor Grand Prix i 1978 :

"Selskapskarane, som av omverda er kjent som fargerike personar, stiller ikkje opp i svart/kvite(gråskimrute) framsyningar !

 

 

Men eit svart-kvitt bilete er betre enn inkje ....

Sjå presentasjon (Flash)

type="application/x-shockwave-flash" width="1024" height="768" data="Presentasjon1.swf">

 

Det Norske Selskap med Hordamål og Kjensle

avstytt DNSMHOK, er eit attlati lag for dei faa, skipa ein sein haustkveld i aaret 1968 av sju unge og iderike karar.

Selskapet er ubunde av trudom og partipolitikk

 

Selskapslova seier:

§ 3.1 Berre karfolk kan vera medlemmer i Selskapet

§ 3.2 Godkjent medlemskap varer livet ut

 

§ 4.1 Nynorsk skal vera skriftmaalet i Selskapet

§ 4.2 Mjøden som skal drikkast der Selskapskarar samlast, skal vera bryggja hjaa Ringnes Humlekokeri i Viken.

 

'Selskapskarar samlast'

..last ned større bilete

Etter ein bolk der det var lang tid mellom samkomene, samlast eit fleirtal av Selskapskarane med fylje på Nøtterøy 26-28/5 -2005

Men vi minnest mange tidlegare Samlingar

  • Guriset 19??, Furulund 1972, 'Fengslet' [Aurdal Pensjonat] 19??
  • Myntslagarhytta ("der sat han og hamra så bordplata skrall"
  • Wessels Kro i Sværtestretet i Kaupenhamn 1978

 

 

 

'Vårslepp i Valdres' 2006

Selskapskarane eldest såsom andre karar, og har byrja sjå nærare på § 17 i Selskapslova,,,,,,,

...eignelutane aat Selskapet vert aa burtgjeva til ......

  • Etter nærare ettertanke kom ein til at "det er betre å vera snille medan vi enno lever"
  • Vi har difor gitt Valdres Folkemuseum ein farge-laserskrivar vinteren 2006
  • og freistar rulla saman nokre kroner til under 'Vårsleppet'

 

SISTE NYTT ( 3. juni 2006 kl 18.45) :

Basaren gav kr innkome på kr.5.400.

 

Myntslagaren har levert alle kronene til Museet tysdag 06-06, og skanner kan kjøpast.

 

TAKK til alle som møtte fram og støtta ei god sak !

 

1951 (VF i 50 år) -klikk for å lasta ned -

- ikkje korrekturlese -

 

 

Fremste rekkje frå vinstre:  Mjødkall Anders S Hestetun, Kjenslejunkar Thomas Ove Thorpe, Myntslagar Ivar Hamre, Fanejunkar John Meyrick, Greiestyrar Ottar Haugen

Bakarst frå v.: Ljodmeistar Eivind Røyne, Tjeldmeistar Andris Wangensteen, Stormeistar Ola Helge Fløene, Runemeistar Nils Christian Helle, Smaameistar Kurt Audun Nilssen, Lovseiemann Ola Jørgen Ellestad.   Midt blant Selskapskarane sit Lykjelvaktar Monica Paasche, som synte karane rundt på Museet.