TAKK SKAL DØ HA !

 

"Festen er over, rommet står grått" seier Einar Skjæråsen i visa "Mazurka". Slik syntest det også for meg sundagskvelden den ellevte i tiande då salen var svabra og 'ambøet' på kjøkkenet vaska og bortsett.

Men når ein let att augo, og lèt tankane gå attende nokre timar, er samfunnshuset fyllt opp med folk - både stutt- og langreiste - frå alle himmelretningar. Praten går livleg, gamle kjennskapsband vert halde ved like, og verten får ei kjensle av ikkje å vera fullstendig verdlaus.

Det tek støtt noko tid å fordøya slike positive opplevingar - no har 6 veker runne frammom - men eg har ikkje gløymt dykk !

Dø kom frå aust, frå vest, frå sø o nord - ein haustkveld, nysnø dekka tiin jord

Før suvel, bøka, drykk so gjere'n skakk ska alle samen ha so mange TAKK !

Bilete frå "samling av kjenningar" har eg fått av Arvid Bjørgo og Terje Eggum , dei skal båe ha mykje takk for mange gode skot. De finn bileta her på den eine Picasawebsida mi (eg har 2) - open for alle som ynskjer å sjå ! (her finn de og dei lysbileta eg hadde plukka ut [skjermfoto]) - Photostoryfila er her - og denne gongen med lyd) .... og Powerpoint fila kan de sjå her.

Mykje av det eg stullar med endar som halvgjort arbeid. No hadde eg sett meg som mål å bli ferdig med listene over "framandfolk" som vart gifte innan Valdres - noko eg hadde starta med våren 2009. Endeleg er listene ute på nettsida. -

Frå "kjendisfronten" ser det ut til at 'Sogns Avis' kjem med nye opplysningar (meir her), medan vi i Valdres og på Ringsaker får greie oss med 'gamalt nytt' !

... Så ynskjer eg dykk alle ei roleg førjulstid ...

Etterlysing 2 krus saknar eigarane sine

Ta kontakt for å få dei attende til ein trygg heim !